Der var ruskut å leggja utpå

Der Var Ruskut Å Leggja Utpå

I 2012 er det ti år sidan dei første studentane begynte på mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Vi feirar jubileet med denne boka. Redaktørane inviterte alle som har hatt vitskaplege stillingar ved instituttet til å bidra, og du held resultatet i handa. Mastergraden har vore ei ge...... Les mer...
fra 353,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

I 2012 er det ti år sidan dei første studentane begynte på mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Vi feirar jubileet med denne boka. Redaktørane inviterte alle som har hatt vitskaplege stillingar ved instituttet til å bidra, og du held resultatet i handa. Mastergraden har vore ei genuint tverrfagleg og komparativ utdanning med skriftkulturen som samnemnar. Dei som har undervist på han har vidt ulike perspektiv på kva skriftkultur er, og på kva han kan brukast til. Dermed er tilnærmingane i denne boka heilt ulike. Tekstane i denne boka er grupperte i tre bolkar, Opplevd, Innlevd, og Utlevd. Opplevd inneheld fem tekstar om historia til den nynorske skriftkulturen, Innlevd-tekstane handlar om språk, som er grunnlaget for all skriftkultur, og Utlevd handlar om ulike aspekt ved biografisk litteratur, som har vore eitt av hovudinteresseområda til tilsette ved instituttet. Redaktørane er Jens Johan Hyvik, førsteamanuensis i historie ved Høgskolen i Telemark, og Stephen J. Walton, professor i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Der var ruskut å leggja utpå
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 353,- den billigste prisen for Der var ruskut å leggja utpå blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste språk, litteratur og lingvistikk for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.