Ida i Italia

Ida i Italia

Kråkene samlar seg i den vesle skogklynga ved huset vårt i skumringa. Eg begynner å forstå at eg har hatt ein barndom, at barndommen min var dette huset, desse menneska, kva dei lærte meg, måten dei var glade i meg på utan å seia det. Eg har ikkje blitt den eg vil vera, ikkje enno, men det er ikkje deira feil. Eg har ein jobb...... Les mer...
fra 329,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Kråkene samlar seg i den vesle skogklynga ved huset vårt i skumringa. Eg begynner å forstå at eg har hatt ein barndom, at barndommen min var dette huset, desse menneska, kva dei lærte meg, måten dei var glade i meg på utan å seia det. Eg har ikkje blitt den eg vil vera, ikkje enno, men det er ikkje deira feil. Eg har ein jobb å gjera.<br/><br/>Kva gjer ein når ein ikkje finn plassen sin nokon stad, ikkje eingong i sin eigen kropp? Ida leiter hos den nye naboen, som er bilethoggar, ho leiter i verkstaden hennar, i huset hennar i Italia. Ho leiter i det framande språket, i smakane og luktene, i vinen som ho blandar ut med vatn. Og ho leiter i ei marmorblokk, søkjer etter ei kvinneform i den harde steinen. Idas italienske reise skal setja djupe spor i den unge jenta.<br/><br/>Ida i Italia er eit portrett av kunstnaren som ung kvinne, ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form. Ingrid Z. Aanestad skriv med autoritet og opne sansar om den livreddande krafta som kan finnast i kunst og venleik - og om å akseptera det uferdige.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Ida i Italia
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 329,- den billigste prisen for Ida i Italia blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste romaner for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.