Produktinformasjon
Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo.

Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad.

Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia
(2002). Filmen Keeper'n til Liverpool (2010), som vann Krystallbjørnen for beste barnefilm
ved filmfestivalen i Berlin (2011), er basert på denne boka. Mæhle har etter det skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne.

Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris,
UPrisen (ungdommens eigen litteraturpris), Fabelprisen, og også nominert til Brageprisen. Boka blei også nemnd som ei av dei 35 beste i Dagbladets kåring av «Tidenes beste norske ungdomsromaner» i 2014. Fuck Off I Love You (2012) er også blant Mæhles mest lesne bøker for ungdom. Den blei også nominert til UPrisen og er omsett til dansk.
Pris og prishistorikk
Akkurat nå er 249,- den billigste prisen
for Jag är supermann blant
1 butikker hos Prisradar.
Sjekk også vår topp 5-rangering av beste romaner og historier
for å være
sikker på at du gjør det beste kjøpet.