Johannes Heggland av Ernst Berge Drange

Johannes Heggland Av Ernst Berge Drange

Johannes Heggland er kjent for store og viktige bokseriar i norsk litteratur gjennom over 60 år, for sine historiske barnebøker, for stor suksess med historiske spel, og som bygdebokforfattar. I to periodar var han ordførar i heimkommunen sin, Tysnes. Åra 1982-85 var han formann i Den norske Forfatterforening, då utropt som «...... Les mer...
fra 200,-
Tilgjengelig i 2 butikker

Produktinformasjon

Johannes Heggland. Johannes Heggland er kjent for store og viktige bokseriar i norsk litteratur gjennom over 60 år, for sine historiske barnebøker, for stor suksess med historiske spel, og som bygdebokforfattar. I to periodar var han ordførar i heimkommunen sin, Tysnes. Åra 1982-85 var han formann i Den norske Forfatterforening, då utropt som «frelsaren» i det som hadde vore ei turbulent tid i foreininga. Forfattarskapet byrja i 1941 med ein tetralogi (1941-48), der han med første boka, Folk under fjell, vart geni-forklart. Meldarar spurde seg om debutanten var den nye stormeisteren i nynorsk romankunst. Biografien drøftar mellom anna det å gje ut bøker under krigen og fortel korleis Heggland avslo tilbod frå okkupasjonsmakta om å gje ut bøker for det nye, store tyske riket. Etter blant anna å ha skrive 20 barnebøker på 1960-talet, og fått ei mengd med prisar for desse - dette var bøker som òg for ein del gjekk som høyrespel i radioen - kom det på 1980-talet tre nye bokseriar. Den første var Brødet frå havet, serien om Anna Gyria, kvinna som fenga folk over heile kongeriket. Heggland avslutta forfattarskapet sitt med 6 bøker i serien Tusen vårar, der den siste kom ut etter at han var død, 88 år gamal. Planen var å ta for seg det siste tusenåret i 10 bøker. Til saman vart det i forfattarskapet skrive 64 bøker gjennom 67 år. Dei mange historiske spela Heggland skreiv vart ein stor suksess, og særleg kring tusenårsskiftet, då fem spel om kristningskongen Håkon den gode vart spela på ulike stader på Vestlandet. Særleg stor suksess hadde han med Mostraspelet (Bømlo), som over 31 år vart spela for meir enn 100 000 tilskodarar. Etter Stiklestadspelet var dette då det mest kjende historiske spelet i fedrelandet. I løpet av forfattarskapet fekk han mange prisar. Rett før han fylte 86 år vart han slegen til riddar av 1. klasse av Den kongelege St. Olavs Orden. Det var eit par veker før 86-årsdagen hans. Forfattere: Ernst Berge Drange Utgave: 1 utg. Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 396 ISBN: 9788253303871 Vekt: 675 g Forla Ernst Berge Drange Innbindin Innbundet Utgitt: 2021 Veil. pris: 397 kr Kategori: Memoarer, biografier

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Johannes Heggland av Ernst Berge Drange
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 200,- den billigste prisen for Johannes Heggland av Ernst Berge Drange blant 2 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste historie og dokumentar for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.