Samuel Pedersens reisedagbok av Knut Ødegård

Samuel Pedersens Reisedagbok Av Knut Ødegård

Årets diktbok er ei samanhengande forteljing med eit frodig billedgalleri og mange avstikkarar i handlinga. Motoren i den lyriske forteljinga er plassert i ein heimekonstruert bubil som pensjonert adjunkt med opprykk Samuel Pedersen har kjøpt på finn.no. Med denne legg han ut på tur med pensjonert straumavlesar Inga som han v...... Les mer...
fra 331.63,-
Tilgjengelig i 2 butikker

Produktinformasjon

Forfattere: Knut Ødegård Årets diktbok er ei samanhengande forteljing med eit frodig billedgalleri og mange avstikkarar i handlinga. Motoren i den lyriske forteljinga er plassert i ein heimekonstruert bubil som pensjonert adjunkt med opprykk Samuel Pedersen har kjøpt på finn.no. Med denne legg han ut på tur med pensjonert straumavlesar Inga som han vonar det kan bli eit nært forhold av etter at hans første kjærleik, Olga, omkom då fallskjermen hennar ikkje falda seg ut. Han fører dagbok, der dei faktiske hendingane på bubilturen blandar seg med hans draumar og tankar, som i stigande grad dreier seg om den opprørske paven og pavens hund. I dagboka les vi om ein kallskapellan på moped, ein plagsam gamling som ender sitt liv ved eit skjorereir, ei kroppsøvingslærarinne på studietur til Roma og ein bonde som tek tarmutreinsingsmiddel medan garden blir styrt av ein desperat avløysar frå Litauen. Og medan handling og fabulering rullar fram med bubilens ferd, driv kjærleiken sitt fine spel med dei aldrande to på tur. Den syriske poeten Adonis skriv om Knut Ødegårds poetiske språk at det er "ei stendig rørsle mellom det verkelege og det oppdikta, som om det bølgjer mellom det historiske og det mytiske, eit språk som alltid er tett bunde til det kroppslege med lyst, lidenskap, begeistring og vâre kjensler". Forlag: Cappelen Damm AS Utgave: 1 utg. Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 118 ISBN: 9788202786809 Vekt: 424 g Innbinding: Innbundet Utgitt: 2023 Veil. pris: 379 Kategori: Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover), Lyrikk av en forfatter

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Samuel Pedersens reisedagbok av Knut Ødegård
Merke Cappelen Damm As

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 331.63,- den billigste prisen for Samuel Pedersens reisedagbok av Knut Ødegård blant 2 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste lyrikk og drama for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.