Sjeler som flyr av Åse Lilleskare Faugstad

Sjeler Som Flyr Av Åse Lilleskare Faugstad

Sidan debuten i 1966 har Åse Lilleskare Faugstad gjeve ut lyrikk og noveller, både eigne dikt og gjendiktingar - til saman 16 bøker. I Sjeler som flyr - Eit forfattarliv ser Åse tilbake på livet som skrivande menneske. Det er ei erindringsbok delt inn i fem bolkar; med ulike sjangrar - tankar, minne, essays, slektshistorie og...... Les mer...
fra 299,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Sidan debuten i 1966 har Åse Lilleskare Faugstad gjeve ut lyrikk og noveller, både eigne dikt og gjendiktingar - til saman 16 bøker. I Sjeler som flyr - Eit forfattarliv ser Åse tilbake på livet som skrivande menneske. Det er ei erindringsbok delt inn i fem bolkar; med ulike sjangrar - tankar, minne, essays, slektshistorie og noveller.

Boka gjev innsikt i forfattaren sitt arbeid, tankar om det å skriva, og kva betydning familie og heimstaden har hatt ut frå perspektivet til ein eldre vestlandsforfattar. Boka vil treffa heime både hjå bokelskarar, litteraturinteresserte og lokalhistorisk interesserte.

Tekstane er av ulik lengd og talar til alle som reflekterer over livets gang. Forfattaren deler raust tankar rundt alderdom og død. Dette er ei bok til å bli klok av.

Her er minne om år og menneske som forma ei ung jente - og trådar tilbake til dei som trakka stiane opp før henne i slekta. Åse skriv nært og innsiktsfullt om liv og lagnad i små grender langs fjorden. I bolken med slektshistorie står slekta frå Fossmark sentralt. I bolken «Minne» er det mest oppvekstskildringar frå industristaden Dale. Desse to bolkane er rikt illustrerte med bilde av slekt og bygdefolk i alle aldrar. Boka skildrar også møte med forfattarar i inn og utland og gjev innblikk i eigne og andre sine skriveprosessar.

Boka har over 130 fotografi henta frå dei gamle familiealbuma til Åse Lilleskare Faugstad. Mange av desse har stor lokalhistorisk verdi, og langt dei fleste har aldri vore publiserte tidlegare. Utgjevinga er støtta av Vaksdal Historielag.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Sjeler som flyr av Åse Lilleskare Faugstad
Merke Other Brand

Populære produkter

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 299,- den billigste prisen for Sjeler som flyr av Åse Lilleskare Faugstad blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste historie og dokumentar for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.