Vere og døy - døy å vere av Kjartan Hatløy

Vere Og Døy - Døy Å Vere Av Kjartan Hatløy

«Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?»Heilt frå han...... Les mer...
fra 249,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

«Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?»

Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge.

Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» - men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere.

«Vere og døy - døy og vere» er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Vere og døy - døy å vere av Kjartan Hatløy
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 249,- den billigste prisen for Vere og døy - døy å vere av Kjartan Hatløy blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste lyrikk og drama for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.