Å lære norsk når polsk og tysk er morsmålet av Roy G. Tveit

Å Lære Norsk Når Polsk Og Tysk Er Morsmålet Av Roy G. Tveit

Er eit andrespråk like vanskeleg å tileigne seg uansett kva morsmål innlæraren har, eller er det slik at strukturlikskapar mellom morsmålet og målspråket spelar ei rolle? Kan morsmålet til innlæraren påverke tempoet i tileigningsprosessen, og kan morsmålet ha noko å seie for kor dugande ein innlærar til slutt blir? Denne boka...... Les mer...
fra 269,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Er eit andrespråk like vanskeleg å tileigne seg uansett kva morsmål innlæraren har, eller er det slik at strukturlikskapar mellom morsmålet og målspråket spelar ei rolle? Kan morsmålet til innlæraren påverke tempoet i tileigningsprosessen, og kan morsmålet ha noko å seie for kor dugande ein innlærar til slutt blir? Denne boka tar utgangspunkt i morsmåla til to av dei største minoritetane i Norge i dag, polakkar og tyskarar. For å få fram kva utfordringar polske og tyske innlærarar står overfor i møte med norsk setningsstruktur, blir verbalsyntaksen i norsk, tysk og polsk samanlikna. Hovudfokus ligg på inversjonsregelen, eit trekk ved norsk syntaks som skal vere vanskeleg å tileigne seg for andrespråksinnlærarar. Boka er mynta på studentar i norsk som andrespråk og lærarar som underviser utlendingar i norsk på alle nivå i skolesystemet. Men også andre med interesse for kontrastiv grammatikk vil kunne lese ho med stort utbytte. Roy G. Tveit, f. 1963, er utdanna lektor i språkfag, med andrespråkslæring som spesialfelt. Han har fleire års erfaring med norskundervisning for utlendingar, blant anna ved universitetet i Stavanger, i den vidaregåande skolen og på bedriftsinterne kurs.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Å lære norsk når polsk og tysk er morsmålet av Roy G. Tveit
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 269,- den billigste prisen for Å lære norsk når polsk og tysk er morsmålet av Roy G. Tveit blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste språk, litteratur og lingvistikk for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.