Andre losebok
ny

Andre losebok

fra 449,-
Tilgjengelig i 1 butikker
Frakt og levering

Sammenligning av produkter

Her finner du de to mest populære produktene i denne kategorien i en lignende prisklasse som det du ser på nå.
Type
Bøker
Bøker

Produktinformasjon

Skamtida er tidsalderen når mennesket gjer alt motsett av naturen. Tidsalderen når meir eller mindre all menneskeleg «verdiskaping» – matproduksjon, transport, energiutvinning, generelt forbruk – går på kostnad av andre artar og deira leveområde.

Men må det vera slik? Slett ikkje! Bli med til Grøntida, tidsalderen når det ikkje lenger er lov å øydeleggja natur. Møt dei lystige og mangfaldige innbyggjarane i kystsamfunnet Grøntidsgrenda, og, ikkje minst, møt Grøntidslos Ascendere Promoveo og hans team av framståande filosofar og lokale flogvit.

På vegner av Global Crisis Council – organisasjonen som vart etablert då den globale kapitalismen, og forbrukarsamfunnet/skamtidsverda, kollapsa – skal Grøntidslosen gå først og inspirera i det store hamskiftet frå eit naturøydande til eit naturbyggjande samfunn. I Andre Losebok. Det såande mennesket blir det utvikla eit fullskala verdiskapingsprogram for å skapa alt det me treng for å leva gode, fullverdige liv utan å øyda natur.

Boka avdekker effektivt både kvifor og korleis homo sapiens vart eit så daudebringande vesen, men også korleis arten vår kan bli det fundamentalt motsette; nemleg den kanskje aller mest effektive og produktive naturbyggjaren.
I lang tid har me levd haustande, men me kan leva såande.

Vegen dit byr på alvor og store utfordringar, men og på veldig mykje moro. Det blir m.a. bygd ny naturkultur med treklossar frå ei skrapgran, konkludert i den tusenårige diskusjonen om meininga med livet, helsa på ein vaskeekte pisslamist med Øy både i fornamn og etternamn og sett nye spor i snøen som fall i fjor. Dessutan blir ein rasande industrialist effektivt kua av ein nestengreve akkompagnert av ei eik. Vidare blir forholdet mellom folk og dyr snudd på hovudet, all «energikrise» blir avslørt som det reine, skjære vrøvl og det blir utvikla ein heilt ny og knallstilig rockesjanger. Gode mat, god drykk og skikkeleg folkefest blir det og tid til. På Vertshuset Tåskahåve så vel som på Samfunnshuset Tåskaskap.

Losebøkene høver ikkje innanfor nokon etablert sjanger. Dei skaper sine eigne. Her møtest fantasien, prosessfilosofien, idéhistoria, mold- og naturinnsikta, humoren og alvoret, mystikken, antropologien og, ikkje minst, nyskapingsfaget. Det heile blir knytt saman av forvitenskap, stor forteljarglede og eit brennande engasjement for naturen og livet.

Forfattar er professor i nyskaping og høgskulerektor Dag Jørund Lønning. Han står også bak suksessane Jordboka (2017), Jordboka II (2019), Kompostboka (2020), Første Losebok. Naturanto (2021) og Jordboka for hagen (2024).

Spesifikasjon

Produkt
ProduktnavnAndre losebok
MerkeOther Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 449,- den billigste prisen for Andre losebok blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste romaner for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.