Anno 1902

Anno 1902

Kaptein Pedersen og hans besetning legg ut på ny Sør-Amerika-tur etter å haovervintra på klyngetunet Henjum i Hermansverk. Nordnes Viking har vore påverkstad i denne tida. Me kan trygt seia det slik at det vart nokre romantiskemånadar der inne på Systrond. Boka handlar om kapteinen og bonden E...... Les mer...
fra 375,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Kaptein Pedersen og hans besetning legg ut på ny Sør-Amerika-tur etter å ha
overvintra på klyngetunet Henjum i Hermansverk. Nordnes Viking har vore på
verkstad i denne tida. Me kan trygt seia det slik at det vart nokre romantiske
månadar der inne på Systrond. Boka handlar om kapteinen og bonden Eivind
Pedersen og hans unike mannskap.

Kaptein Pedersen er ein balansert og dyktig leiar både på sjø og land. Med
hell og dyktigheit får han mannskap og skip ut av kritiske situasjonar, som
det framleis er mange av rundt 1900-talet på dei sju hav. Sjørøvarane si tid
er ikkje over, og dei samarbeider med og vert styrd av folk høgt på strå i både
politikken og forretningsverda.

Telegrafi har modernisert sjøtransporten mellom Amerika og Europa rundt
1900-talet. Ikkje minst telekabelen mellom Norge og Skottland og telekabelen
mellom Irland og USA har vore eit gode for heile Vest-Europa og Amerika og
ikkje minst Norge, som har stor eksport av fisk ut i verda. Sjølvsagt utnyttar
òg kjeltringane oversjøisk kommunikasjon til sin fordel.

På denne nye Sør-Amerika-turen får ikkje Pedersen berre sjørøvarar å stri med.
Ho Johanna, kona til kaptein Nilson, har kjøpt seg plass på Nordnes Viking
sin nye tur til Rio. Ho vil på leiting etter mannen sin, for ho har ikkje høyrt frå
han på eit lite år. Pedersen har på denne reisa med eit giftelystent mannskap
som har vore på friarføter inne på Systrond. Ein av mannskapet har arva ein
gard i klyngetunet Henjum, som har historisk sus frå lenge før vikingtida. Fire
bryllaup og ein konge samstundes på Systrond er ikkje daglegdags.
Gardsdrift krev litt meir kunnskap enn sjøfolka har frå ei seglskute. Fleire av
mannskapet om bord på Nordnes Viking har vakse opp på gard, det er verre
med arvingen, som kjem frå tjukkaste Bergen. Alt må lærast frå botnen av,
men med god hjelp av gode naboar på Henjum og kollegaer om bord i Nordnes
Viking vert desse ungdommane ein styrke for bygda.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Anno 1902
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 375,- den billigste prisen for Anno 1902 blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste krim for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.