
Dei Kjenslevare Kjenslevarulv Vinyl
Dei Kjenslevare er eit ensemble som fell millom fleire stolar. Rundt dei, ein stol den norske folkemusikktradisjonen sitt på, og ved sidan av den, ein som den euroamerikanske samtidsmusikken har funne seg. Og kloss innåt, ein norsk pioner, Eivind Groven, som greidde å lage eit sterkt teoretisk grunnlag for reinstemming i folk......
fra 255,2
På lager i 1 butikker
Produktinformasjon
Dei Kjenslevare er eit ensemble som fell millom fleire stolar. Rundt dei, ein stol den norske folkemusikktradisjonen sitt på, og ved sidan av den, ein som den euroamerikanske samtidsmusikken har funne seg. Og kloss innåt, ein norsk pioner, Eivind Groven, som greidde å lage eit sterkt teoretisk grunnlag for reinstemming i folkemusikken, konstruerte eit orgel med overtonebaserte akkordar, og slik makta å integrere folkemusikktonalitet med kunstmusikktonalitet. Det går heldigvis an å prate med stolsitjarar om ein er golvsitjande også. Fellesnemnaren i denne samtala er interessa for reinstemming, mikrotonalitet og eldre typar tonalitet, mellom anna dei som ikkje går opp i oktaven. Dei Kjenslevare er altså inspirert av tonalitetar i norsk folkemusikk. Her lyt nemnast felespelarane Andres K. Rysstad, Erling Kjøk og Dahle-tradisjonen i Telemark, kvedarar som Ragnar Vigdal, Gunvor Uleberg og Aslak Brekke, samt dei gamle langeleikskalaene dokumentert av Erik Eggen. På samtidsmusikksida kjem inspirasjonen frå komponistar som kvar på sin måte har nytta mikrotonalitet, frå pionerane på 1920 og 30-talet (til dømes Wyschnegradsky, Haba og Carrillo), via klangfargepionerar på 1950, og 60-talet (Scelsi, Xenakis, La Monte Young, Cage, Tony Conrad, Ligeti, Penderecki) samt den «nye bølgja» med «Spektralskulen» på 1970-talet, som starta med Gerard Grisey, og som framleis er høgst levande (Murail, Harvey, Benjamin, Haas). Til saman utgjer desse referansane porten inn i ei magisk verd av opplyftande soniske vibrasjonar. Denne plata består av musikk som evnar å leie lyttaren inn i ein tilstand av ro. I denne roa finns tonalitetar som både let mystisk og tryggjande, som noko ein ikkje veit kva er men likevel kjenner ei dragning mot. Her er ikkje slåttar og stev, men den ubevisste sansinga av folkemusikken ligg rundt det heile. Ved å presentere eit perspektiv på norsk folkemusikk som bryt ned skilnadane mellom tradisjonell folkemusikk og abstrakt samtidsmusikk på eit elementært plan vonar vi at dei med antenner for slik vil finne fram til fleire lydlege rom å tre inn i. Perspektiv på norsk folkemusikk er ein serie på Motvind Records som tek for seg ulike tradisjonsliner som karakteriserast ved at vi fer ei kjensle av at dei framkallar ein dåm som kastar ljos over ein viss signifikans ved norsk folkemusikk sitt vesen. Føremålet med serien er å gjeva folk som har lyst til å lytte meir til norsk folkemusikk eit breitt utval av ulike uttrykk som forhåpentlegvis inspirerer til vidare lytting og reflektering. ‘Kjenslevareulv’ er den fjerde utgåve i serien, etter Helga Myhr si debutplate ‘Natten veller seg ut’ som kom ut hausten 2019, samt Thov G. Wetterhus si debutplate ‘Stålslått’ og Naaljos Ljom si sjølvtitulerte debutplate frå 2021. Med kombinasjonen unik musikk og elegant design vonar vi at dette blir ettertrakta samleobjekt blant dei som veit at fysisk format fortsatt er det deiligaste formatet.
Topplisten: Other Brand Vinyl plater
Spesifikasjon
| Produkt | |
|---|---|
| Produktnavn | Dei Kjenslevare Kjenslevarulv Vinyl |
| Merke | Other Brand |
FAQ
Black Friday er fredag 27. november 2026. Sammenlign prisen på Dei Kjenslevare Kjenslevarulv Vinyl hos flere butikker, og sjekk prishistorikken der den er tilgjengelig. Kontroller at tilbudene gjelder samme modell og variant, og ta med fraktkostnaden når du sammenligner.
Populære produkter
Pris og prishistorikk
Akkurat nå er 255,2 den billigste prisen for Dei Kjenslevare Kjenslevarulv Vinyl blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste vinyl plater for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.
Wayne Jarrett Showcase Vol 1 Uk VinylHorace Andy Dance Hall Style Limited Edition Uk VinylSpice VinylBso 2005 2025 2nd Edition Vinyl
As Good As Dead Smoky Metallic VinylParty With The Surfrajettes Live VinylDysthymnia VinylEnvironments 3 Vinyl
You Are In My System Original Deluxe Version VinylHomo Lamentabilis Yellow VinylHouse Music Dos VinylEl Ritmo Vinyl


























