Der villgraset gror av Marie Aukrust

Der Villgraset Gror Av Marie Aukrust

«Når krubba er tom, bitst hestane», heiter det. Risikerer vi ei matkrise, som knapp kornforsyning og vanskar med kornimport? Vi ser på mat som forbruksvarer, vi kjøper og kastar overfloda. Vi produserer mat lausriven frå arealgrunnlaget. Vil vi fortsetja slik, og la landet gro att? Kva inneber sosial og økologisk berekraft? A...... Les mer...
fra 217.88,-
Tilgjengelig i 2 butikker

Produktinformasjon

«Når krubba er tom, bitst hestane», heiter det. Risikerer vi ei matkrise, som knapp kornforsyning og vanskar med kornimport? Vi ser på mat som forbruksvarer, vi kjøper og kastar overfloda. Vi produserer mat lausriven frå arealgrunnlaget. Vil vi fortsetja slik, og la landet gro att?

Kva inneber sosial og økologisk berekraft? Aukrust vil styrkje det allsidige familiejordbruket, med balanse i ressurskrinsløpet. Frå fjord til fjell kan vi nytte utmark ueigna til dyrking av menneskemat til beite, og auke matplanteproduksjonen og sjølvforsyninga. Eit framtidsretta jordbruk i livskraftige lokalsamfunn handlar om samfunnstryggleik for alle. Beredskapsplan for mat, korn, såvarer og fôr, som del av ein nasjonal beredskaps- og kriseplan, står ikkje i motsetning til internasjonal handel og samarbeid.

Kvifor svelt 821 millionar menneske, sjølv med nok mat i verda? Industrijordbruket står for urettferdig fordeling av jord og makt. I tiår har vi overskride jorda si toleevne. For å tryggje matforsyninga framover, oppmodar FN kvart land frå styresmakter til lokalsamfunn til enkeltindivid å ta hand om fruktbar jord, naturmangfald og klimaomsyn. Det er naudsynt med omfattande systemskifte og endringar i levevis.

Forfattaren vender seg til den allmene lesar, og tek opp sentrale tema omkring livsgrunnlag, levevis og matproduksjon.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Der villgraset gror av Marie Aukrust
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 217.88,- den billigste prisen for Der villgraset gror av Marie Aukrust blant 2 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste historie og dokumentar for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.