
Did We Really?
Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007 med ein solid internasjonal CV. Med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i......
fra 379,-
På lager i 2 butikker
Produktinformasjon
Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007 med ein solid internasjonal CV. Med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet – Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvitig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.På "Did We Really?" har dei med seg den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad – jazzgitaristen ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden – som både bidrar med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazzorkester og Hilde Kjersem. Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å riste av fryd.Saman blir dette en vanvittig kvintett med et heilt unikt groove:Hedvig Mollestad Thomassen - gitarThomas Johansson – trompetKristoffer Alberts – saksofonOla Høyer – bassDag Erik Knedal Andersen – trommer
Spesifikasjon
| Produkt | |
|---|---|
| Produktnavn | Did We Really? |
Populære produkter
Pris og prishistorikk
Akkurat nå er 349,- den billigste prisen for Did We Really? blant 2 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste vinyl plater for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.
Line Before The Event Horizon Violet Marble VinylLucy Pearl VinylChange Is Gonna Come The Diamond Edition VinylMelody Boy Iex Yellow Vinyl
Plunge VinylRashomon The Cameramans Revenge Uk VinylZoltan Sixty Minute Zoom Uk VinylVideogram Pre Cert Uk Vinyl
Thelema Beyond The Truth Uk VinylPan Cinematic Lies Uk VinylGet Off Your Ass Get Off Your Knees Uk VinylSmalltown Square One Uk Vinyl


















