Eikrem Trudi Henrydotter Klippfisk; 153 oppskrifter fortel ei historie

Klippfisk Av Trudi Henrydotter Eikrem

Klippfisk blir ei bok for den frie og sjølvstendige kjøkkenarbeidaren, som trivst med å bruke skjøn og gjere eigne vurderingar i matlaginga. Boka inneheld oppskrifter etter gammalt mønster, slik mange kokebøker var den gong kvinnene var autoritetar på kjøkkenet. Denne kokeboka har bearbeidd portugisiske oppskrifter frå ein or...... Les mer...
fra 409,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Forfattere: Trudi Henrydotter Eikrem Klippfisk blir ei bok for den frie og sjølvstendige kjøkkenarbeidaren, som trivst med å bruke skjøn og gjere eigne vurderingar i matlaginga. Boka inneheld oppskrifter etter gammalt mønster, slik mange kokebøker var den gong kvinnene var autoritetar på kjøkkenet. Denne koka har bearbeidd portugisiske oppskrifter frå ein original som har lege gøymd sidan hundreårsskiftet. Innhaldet viste seg å løyne eit mest endelaust smaksrike, med få ingrediensar: klippfisk, olje, smør, poteter, urter og krydder. Men oppskriftene er meir enn vegen til god mat. Dei er små forteljingar som speglar spor etter handelsvegar, interesser, konflikter og verdiskaping. Bakom oppskriftene ligg spørsmål om innovasjon og kunnskap som gjorde eksporteventyret muleg. Det er del av den maritime historia vår. I motsetning til andre kokebøker har ikkje denne fotografi av ferdige, styla rettar. Vi trur at lesaren kan skape sine eigne indre illustrasjonar, og utforme rettane etter eige skjøn. I staden har vi lagt vekt på at nærbilete av råvarene skal formidle ein viktig bodskap: mat er liv. Forlag: Skald AS Utgave: 1 utg. Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 223 ISBN: 9788279592990 Vekt: 1077 g Innbinding: Innbundet Utgitt: 2019 Veil. pris: 449 Kategori: Sosial- og kulturhistorie, Matlaging med fisk og sjømat Anmeldelser Flott bok om klippfisk! Mange hundre år med klippfiskhistorie har no kulminert i ei flott bok, der forfattar, fotograf og formgjevar gir lesarane moglegheita til å sjølve oppleve kva den tradisjonsrike råvara kan tilby. Som vanleg er bokbunaden frå Skald eminent, mest som eit kunstverk, eller eit innbydande måltid. Ei annleis kokebok, eit unikt samarbeid mellom forfattar, fotograf og formgjevar. Ja til klippfisk og kreativ gastronomi!

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Eikrem Trudi Henrydotter Klippfisk; 153 oppskrifter fortel ei historie
Merke Skald As

Populære produkter

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 409,- den billigste prisen for Eikrem Trudi Henrydotter Klippfisk; 153 oppskrifter fortel ei historie blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste historie og dokumentar for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.