
-20%
Evigheten Forestår
I natta og mørket herskar HEKATE. Beståande av tre kroppar med kvar sine særskilde eigenskapar, voktar ho over månen, vegskiljer, og sit med nøkkelen til portalen mellom ulike verdenar.HEKATE er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg so......
fra 319,2
På lager i 1 butikker
Produktinformasjon
I natta og mørket herskar HEKATE. Beståande av tre kroppar med kvar sine særskilde eigenskapar, voktar ho over månen, vegskiljer, og sit med nøkkelen til portalen mellom ulike verdenar.HEKATE er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena. Dei slepp sitt debutalbum "Evigheten forestår" på Heilo 13. juni 2025, med Martin Langlie som produsent, og det første du får høyre frå albumet er singelen “Adam uti Paradis” som er ute i dag. Slåttetralling har lange tradisjonar her i Norge, og etter mange år som ein mindre omtalt del av folkemusikken, har denne undersjangeren fått sin renessanse dei siste tiåra. Albumet består av slåttetralling frå ulike delar av landet, med improvisasjon som eit av hovudelementa. Dei tre stemmene i trioen er både ulike og like, noko som bidreg til å skape eit dynamisk lydbilete med eit breitt spekter av klang.Hekate oppstod frå eit ynskje om å lyfte fram slåttetralling, og ein klar visjon om songen som sjølve ryggraden i dansefesten. Med mål om å lage euforisk stemning for både dansaren og lyttaren, har dei skapt sitt eiget univers styrt av drivande samspel og intens energi.Om ein legg til inspirasjon frå den kraftfulle, feminine energien som historisk fylgjer slåttetrallinga og det sterke samhaldet som er i samsongen, sit ein att med eit potent heksebrygg av kompromisslaus kveding i klubbsetting.Adam uti paradis er ein tradisjonell reinlender frå Agder som dei har lært etter opptak av Tom Willy Rustad. Med ein underleg tekst om Adam i paradis som ét opp ein halvrotten gris, brukar trioen repetitive motiv og improvisasjon for å skape ein dansbar og mektig versjon av slåtten.
Spesifikasjon
| Produkt | |
|---|---|
| Produktnavn | Evigheten Forestår |
Populære produkter
Pris og prishistorikk
Akkurat nå er 319,2 den billigste prisen for Evigheten Forestår blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste vinyl plater for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.
Line Before The Event Horizon Violet Marble VinylCard Counter Original Songs From Motion Picture VinylReign Of The Insane VinylNo One Is Coming To Save Us Vinyl
Complete Guide To Insufficiency VinylI Scvlptor Black Gold Split VinylSurrealistic Pillow VinylHorrorscope Live In Overhausen Vinyl



















