Fjell- Og Stølsliv I Hol Av Olav Randen

Fjell- Og Stølsliv I Hol Av Olav Randen

FJELL- OG STØLSLIV I HOLDet meste, av Hol, over 90 %, ligg høgare enn 900 moh og mykje av lendet over skoggrensa. I tida frå isen over Norge smelta, 10 000 år sidan i dette området, og fram til vår tid har to soner vore spesielt viktige for busetnad og liv i landet vårt, kystsona med overgang mellom hav......
fra 390,-
Tilgjengelig i 1 butikker
Frakt og levering
Beskrivelse
FJELL- OG STØLSLIV I HOL

Det meste, av Hol, over 90 %, ligg høgare enn 900 moh og mykje av lendet over skoggrensa. I tida frå isen over Norge smelta, 10 000 år sidan i dette området, og fram til vår tid har to soner vore spesielt viktige for busetnad og liv i landet vårt, kystsona med overgang mellom hav og land og sona med overgang mellom skogs- og fjell-landskap. I desse sonene kunne villdyr og folk dra nytte av begge landskapstypane.
Boka fortel om heile denne historia. Ho er difor ikkje berre lokalhistorie, men også norsk historie og globalhistorie. For levekåra for småkårsfolk og utkantfolk er ikkje så ulike i ulike samfunn. Det handlar om å overleve med å nytte så godt som råd dei ressursane som er tilgjengelege og med det teknologiske nivået som er tilgjengeleg. Eit kjenneteikn ved bygder av dette slaget er at naturressursar finst i rikt monn, men utnytting av desse krev så stor arbeidsinnsats at det berre unntaksvis er råd å leggje under seg mykje eigedom og leve av andre sitt arbeid. Adelskap, storbønder, nessekongar og skogbaronar høyrer mest andre stader til.
For dei fleste handla ikkje arbeidslivet fram til førre hundreår om å spesialisere seg i heiltidsyrke, men om å dra nytte av heile spektret av naturressursar, vere litt jeger, litt fiskar, litt sankar, etter kvart litt plantedyrkar og husdyrhaldar, litt jernutvinnar og fangstmann eller -kvinne og driftehandlar og etter kvart turistvert. Det handla om å vere universalist framfor spesialist.
Det spesielle med denne nordlege og høgtliggjande delen av verda er skilnaden mellom sommar og vinter. Det er somrar med rik plantevekst og næring for folk og dyr, og vintrar med hardt og kaldt klima, med husdyr i hus og med lagra dyrefôr. Avgjerande var å finne måtar å overleve vintrane på. Blant dei store framstega var jernutvinning frå myrmalm, det var hesten med sele og jernskor, som ulikt storfe kunne brukast effektivt både som ride- og trekkdyr, og det var primkjelen av jern eller kopar. Det gjorde at mjølka produsert på næringsrikt sommarbeite kunne omdannast frå lite haldbar til langtidskonservert vare, slik at ikkje berre smør og ost, men også mysa i mjølka kunne kokast inn til prim. Det var ei totalutnytting av mjølka og husdyra, men også av vaksne og barn sin arbeidsinnsats.
Ein stor del av boka handlar om stølslivet og om budeier og gjetarungar på heim- og langstølar. Budeiene, stølskjerringane, var dei som produserte varene som gav pengar og kunne omsetjast i skattar, tobakk, vindaugsglas, kaffi og dei få andre varene som vart kjøpte inn utanfrå. I bygder med annan natur leigde folk gjerne ungjenter, til å vere på stølen, men her var sommarproduksjonen og kvaliteten på stølsvarene så viktig at det så å seie alltid var gardkona som var stølskjerring. Med dette hadde kvinnene ei sentral rolle i landbruket. Dei ikkje berre fødde og oppfostra ungar, heldt hus i stand og mjølka og stelte dyra, dei skaffa stordelen av dei pengane familien trong.
Boka tek for seg jakt, fiske, tidleg landbruk, jernvinne, reinfangst, utmarksslått, mosehenting, fôrkøyring, heimstølar, langstølar, gjeting, budeielag, rovdyr, brems og klegg, haugafolk, fast busette i fjellet, driftehandel, tamreinhald, turistnæring, hyttebygging, Arne Næss, ein åtteårig prins Harald som reid på bukken Abraham, kraftutbygging, motstandsarbeid i krigsåra, nasjonalpark og landskapsvernområde.
Boka har 350 store sider og over 300 illustrasjonar. Hol har hatt mange dyktige fotografar og teke godt vare på bileta.
Forfattar Olav Randen er utdanna sosiolog, men har det meste av vaksenlivet vore småbrukar i grannekommunen til Hol.

Produktinformasjon

Dyk inn i historien med Fjell- Og Stølsliv I Hol Av Olav Randen

Har du noen gang lurt på hvordan livet var for folk som bodde i de avsidesliggende fjellene i Norge? Med Fjell- Og Stølsliv I Hol får du et fascinerende innblikk i denne rike kulturen og tradisjonene som har formet livet i Hol over tid. Boken, som strekker seg over 350 sider, tar oss med på en reise gjennom både lokal og nasjonal historie, fra den tid isen smeltet for 10 000 år siden, til i dag.

Oppdag de unike egenskapene ved boken

Olav Randen, forfatteren, er ikke bare samler av historier, men også en personlig del av dem. Med sin bakgrunn som sosiolog og småbruker i nærheten av Hol, gir han et autentisk perspektiv på livet i høyfjellet. Boken inneholder:

• Over 300 illustrasjoner som viser den vakre naturen og kulturen i området
• Detaljerte beskrivelser av stølsliv, jakt, fiske og tidlig landbruk
• Innblikk i den feminine rollen i landbruket - hvordan budeiene sto sentralt i matproduksjonen
• Historiske perspektiver på jørnvinning, husdyrhold og turistnæring

En reise gjennom tid og landskap

Boken hopper smidig mellom fortid og nåtid og fanger opp essensen av et liv tilpasset de varierte og utfordrende forholdene i fjellet. Her kan du se hvordan folk har utnyttet naturressursene til fulle, og hvordan de har utviklet teknikker for å overvinne de tøffe vintrene med fôr og husdyrhold. Det er en skatt av kunnskap om hvordan man skal leve i harmoni med naturen.

Et must-have for historieentusiaster

Enten du er en lokalhistoriker, en naturentusiast eller bare nysgjerrig på hvordan folk har levd i fjellene, Fjell- Og Stølsliv I Hol Av Olav Randen er en uunnværlig del av din bibliotek. Den gir ikke bare innsikt, men også inspirasjon til å forstå viktigheten av bærekraft og ressursutnyttelse i vår tid.

Ikke gå glipp av sjansen til å oppdage den ukjente historien bak denne fantastiske regionen!

Spesifikasjon

Produkt
ProduktnavnFjell- og stølsliv i Hol av Olav Randen
MerkeOther Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 390,- den billigste prisen for Fjell- Og Stølsliv I Hol Av Olav Randen blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste lokallitteratur for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.

Prisutvikling:
Stabil
Laveste pris:
390,-
Gjennomsnittspris:
390,-
Høyeste pris:
390,-
Beste tilbudet:
norli.no
Tilgjengelig