Fuglane av Tarjei Vesaas

Fuglane Av Tarjei Vesaas

Fuglane (1957) er nok meisterverket til Tarjei Vesaas. Ingen annan romanperson er så omslutta av forfattarens omsorg og kjærleik som Mattis tust. Hjelpelaus i kvardagsliv og arbeidsliv er Mattis, og skarp er han ikkje. Men likevel forstår han på somme måtar meir enn dei skarpe. Naturen openberrar løyndomar for Mattis. Han kan...... Les mer...
fra 149,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Fuglane (1957) er nok meisterverket til Tarjei Vesaas. Ingen annan romanperson er så omslutta av forfattarens omsorg og kjærleik som Mattis tust. Hjelpelaus i kvardagsliv og arbeidsliv er Mattis, og skarp er han ikkje. Men likevel forstår han på somme måtar meir enn dei skarpe. Naturen openberrar løyndomar for Mattis. Han kan tyde fuglespråk. Han kan lese dei breva som rugda skriv til han med nebb og føter. Og han kan formulere dei djupaste livsspørsmål: Kvifor er det slik det er? spør han den venlege gardkona som byr på kaffi når arbeidet endå ein gong har gått i stå for han.Ingen kan gje svar, men diktaren fortel på ein slik måte at også vi lesarane må ta Mattis inn i vår omsorg, samstundes som vi forstår systera Hege og alle dei som gjerne vil hjelpe Mattis, men ikkje kan nå heilt inn til han.Fuglane er omsett til ei rekkje språk og vart i 1967 filmatisert av den polske regissøren Witold Leszczynski. I 1997 sette Det Norske Teatret opp ei dramatisering av romanen, ei eineståande framsyning som vart vide kjend.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Fuglane av Tarjei Vesaas
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 149,- den billigste prisen for Fuglane av Tarjei Vesaas blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste romaner for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.