Produktinformasjon
Lun og nostalgisk jul med det vakraste juleheftet

Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok Herborg Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. Vår tids Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne. Kvart år inviterer Herborg Kråkevik ein musikar til å skrive ein ny julesong. Årets song er det Daniel Kvammen som har laga.

Juleroser 2023 er det niande i rekka og har bidrag frå mellom andre Kjersti Annesdatter Skomsvold, Sissel Kyrkjebø, Jane Kenyon i Hanna og Linn Ullmann si gjendikting, Gaute Heivoll, Roar Kjærnstad, Dag O. Hessen, Helene Knoop, Kjartan Fløgstad, Randi Fuglehaug, Anne Marit Austbø, Jacob Gløersen, Einar Økland, Danny Larsen, Marianne Heske og Alf C. Hvaring.

Du får gleda av å sjå den vakre og unike decoupagekunsten som H.M. Dronning Margrethe II av Danmark har laga til klassikaren Snedronningen av H.C. Andersen. Den raude tråden i årets hefte er snø. I kvart hefte får du tre flotte kunsttrykk som du kan ta ut og ramme inn. Årets framside er spesiallaga for Juleroser av Christer Karlstad.
Pris og prishistorikk
Akkurat nå er 200.38,- den billigste prisen
for Juleroser 2023 blant
2 butikker hos Prisradar.
Sjekk også vår topp 5-rangering av beste romaner
for å være
sikker på at du gjør det beste kjøpet.