Kinesisk religion og religiøsitet av Arne Redse

Kinesisk Religion Og Religiøsitet Av Arne Redse

Kinesisk religion og religiøsitet pregar i dag i betydeleg grad førestillingsverda, livssynsperspektiva og den religiøse og etiske praksisen til over ein milliard menneske. Denne boka er ei innføring i den historiske utviklinga av konfutsianismen, daoismen og buddhismen i kinesisk samanheng. Kinesarane omtaler gjerne desse tr...... Les mer...
fra 110,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Kinesisk religion og religiøsitet. Kinesisk religion og religiøsitet pregar i dag i betydeleg grad førestillingsverda, livssynsperspektiva og den religiøse og etiske praksisen til over ein milliard menneske. Denne boka er ei innføring i den historiske utviklinga av konfutsianismen, daoismen og buddhismen i kinesisk samanheng. Kinesarane omtaler gjerne desse tre religionane som "dei tre læreretningane". Den historiske utviklinga til den kinesiske folkereligiøsiteten er også introdusert. Denne er eldre enn dei tre læreretningane og er i likskap med desse framleis levande truspraksis. Konfutsianismen reknar Kong Fuzi (Konfutsius) som sin viktigaste læremeister. Daoismen er bygd på læra til vismannen Laozi. Buddhismen var i utgangspunktet ein framand religion i Kina, innførd frå Buddha sitt heimland, India. Boka tek føre seg kinesisk religion og religiøsitet i fire fasar: - Den eldste religiøsiteten frå før dei store filosofane stod fram - dei store filosofane Kong Fuzi og Laozi og kulturskiftet tankane deira førde til - hundreåra då dei tre læreretningane etablerte seg - utviklinga innan dei tre læreretningane og den kinesiske folkereligiøsiteten fram til vår tid. Boka er skriven med tanke på behovet i religions- og kulturstudiar ved universitet og høgskular. Det finst ikkje andre framstillingar av kinesisk religion av dette omfanget på norsk. Arne Redse (f. 1950) er utdanna teolog og er professor ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Han underviser også ved Fjellhaug Misjonshøgskole i Oslo. Han var misjonsprest i Hong Kong frå 1983 til 1993 der han mellom anna underviste ved Lutheran Theological Seminary. Han har publisert fleire bøker innan systematisk og praktisk teologi. Forfattere: Arne Redse Utgave: 1 utg. Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 116 ISBN: 9788251925952 Vekt: 236 g Forla Vigmostad & Bjørke AS Innbindin Heftet Utgitt: 2010 Veil. pris: 369 kr Kategori: Religion, historie, litteraturvitenskap, filosofi For flere fagbøker og lærebøker trykk her

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Kinesisk religion og religiøsitet av Arne Redse
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 110,- den billigste prisen for Kinesisk religion og religiøsitet av Arne Redse blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste religion, historie og filosofi for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.