Lenz av Georg Buchner

Lenz Av Georg Buchner

Georg Büchner skreiv forteljinga Lenz to år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Le...... Les mer...
fra 209,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Georg Büchner skreiv forteljinga Lenz to år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar.

Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenz kjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenz er såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen.

Georg Büchner (1813-1837) blir, trass i sitt korte liv og ein avgrensa produksjon, rekna som ein av dei mest viktigaste forløparane for den moderne europeiske litteraturen. Den mest renommerte bokprisen i Tyskland er oppkalla etter han

Den unge Büchner var opposisjonell i Vormärz - åra før den mislykka marsrevolusjonen i 1848 - ein periode som var prega av sterk sensur. Han døydde etter kort tids sjukdom, berre 23 år ung.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Lenz av Georg Buchner
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 209,- den billigste prisen for Lenz av Georg Buchner blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste romaner for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.