Med påhalden penn?

Med Påhalden Penn?

Engasjerte allmugen seg politisk i 1814, eller deltok folket med «påhalden penn», som det heitte når nokon skreiv under for andre? Ser 1814 annleis ut frå ein lokal og regional ståstad enn frå det vanlege rikspolitiske perspektivet? Tolv forfattarar tek i denne boka føre seg dei store politiske hendingane i 1814 slik dei arta...... Les mer...
fra 400,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Engasjerte allmugen seg politisk i 1814, eller deltok folket med «påhalden penn», som det heitte når nokon skreiv under for andre? Ser 1814 annleis ut frå ein lokal og regional ståstad enn frå det vanlege rikspolitiske perspektivet? Tolv forfattarar tek i denne boka føre seg dei store politiske hendingane i 1814 slik dei arta seg i bygder og byar i Telemark, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. <br/>Sentrale tema er vala til riksforsamlinga våren 1814 - kven som engasjerte seg, korleis prosessane føregjekk, kven som dominerte. Det vert også vist korleis tevlande grupper, nettverk og lokale konfliktar greip inn i dei politiske hendingane på lokalplan. Boka byr på eit rikt persongalleri, frå embetsmenn og byborgarskap til myndige bønder og haugianarar. Vala til det ekstraordinære Stortinget hausten 1814 får òg brei omtale, og fleire artiklar har eit blikk ut over 1814. Boka er eit viktig tilskot både til 1814-forskinga og forskinga på politisk kultur i Noreg tidleg på 1800-talet, men også til kunnskapen om lokalhistoria i dei områda som er granska og ikkje minst regionale skilnader i Noreg. <br/> <br/>Bak boka står ei breitt samansett forfattargruppe med utspring i dei tre fylka, mellom anna frå historikarmiljøa ved høgskulane i Telemark, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Med påhalden penn?
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 400,- den billigste prisen for Med påhalden penn? blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste religion, historie og filosofi for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.