Produktinformasjon
Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene.<br/> <br/>Mjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med <br/>ein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske.
Pris og prishistorikk
Akkurat nå er 329,- den billigste prisen
for Mjølketannmuseet av Marit Kaldhol blant
1 butikker hos Prisradar.
Sjekk også vår topp 5-rangering av beste romaner
for å være
sikker på at du gjør det beste kjøpet.