Nygård Mari Grammatikk og grammatikkdidaktikk

Grammatikk Og Grammatikkdidaktikk Av Mari Nygård

Grammatikarar er språkmekanikarar, og arbeid med grammatikk handlar om å forsøke å finne ut korleis språkmaskineriet fungerer, kva komponentar det har, og korleis dei verkar saman.Barn tileignar seg grammatikken i morsmålet sitt heilt knirkefritt. Vi vil spørje korleis ein kan vekke interesse for innsikt i språkstruktur, og k...... Les mer...
fra 371,-
Tilgjengelig i 2 butikker

Produktinformasjon

Grammatikarar er språkmekanikarar, og arbeid med grammatikk handlar om å forsøke å finne ut korleis språkmaskineriet fungerer, kva komponentar det har, og korleis dei verkar saman.

Barn tileignar seg grammatikken i morsmålet sitt heilt knirkefritt. Vi vil spørje korleis ein kan vekke interesse for innsikt i språkstruktur, og korleis ein kan leggje opp til undring og utforsking av sitt eige morsmål, slik at grammatikkundervisninga blir spennande. Kunnskap om norsk språkstruktur og omgrepsapparat omkring dette er grunnleggjande for mange område innanfor norskfaget, mellom anna lese- og skriveopplæring, norsk som andrespråk, talemål og nynorskdidaktikk.

Denne boka inneheld både grammatikk og grammatikkdidaktikk. Det mest sentrale vil vere å gi ei grunnleggjande innføring i faget grammatikk. Her vil vi leggje vekt på innlæring av grammatisk terminologi og analysemåtar. I tillegg vil vi gjennom heile boka diskutere korleis ein kan nærme seg dette emnet saman med elevar, og også kvifor dette er eit viktig emne, både i seg sjølv og som byggestein for andre emne i norskfaget.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Nygård Mari Grammatikk og grammatikkdidaktikk
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 371,- den billigste prisen for Nygård Mari Grammatikk og grammatikkdidaktikk blant 2 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste språk, litteratur og lingvistikk for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.