Olav Gullvåg  bladmann og bokmann

Olav Gullvåg bladmann og bokmann

Pressemannen og forfattaren Olav Gullvåg (1885 - 1961) delte livet sitt i to. I den første delen vart den trønderske skomakarsonen journalist og redaktør i ei landsmålspresse under etablering. Han markerte seg snart som ein aktiv og ofte hardtslåande «bladmann» i Trøndelag, på Vestlandet og i Telemark. Først og fremst var det...... Les mer...
fra 262.50,-
Tilgjengelig i 2 butikker

Produktinformasjon

Pressemannen og forfattaren Olav Gullvåg (1885 - 1961) delte livet sitt i to. I den første delen vart den trønderske skomakarsonen journalist og redaktør i ei landsmålspresse under etablering. Han markerte seg snart som ein aktiv og ofte hardtslåande «bladmann» i Trøndelag, på Vestlandet og i Telemark. Først og fremst var det til støtte for landsmålet og radikal venstrepolitikk, og han gjekk til og med i fengsel i kampen for ein rett ferdig språkpolitikk. Denne delen av livet vart avslutta med ein fottur med familien gjennom Danmark, Tyskland og til Nord-Italia, der Gullvåg-familien budde i to år. Frå rundt 1930 dominerte «bokmannen», med førstepris i konkurransen om kantate til 900-årsjubileet i Nidaros i 1930, med romanserien «Det byrja ei jonsoknatt » frå 1937, ei rad diktsamlingar, og ikkje minst med «Spelet om Heilag Olav» (Stiklestadspelet) frå 1954. Med romanserien fekk Gullvåg eit internasjonalt gjennombrot, spesielt i Tyskland. Eivind Hasle, pensjonert lektor og skolebyråkrat, har som norskfilolog, historikar - og barnebarn av Olav Gullvåg - hatt eit rikt tilfang å trekke på i arbeidet med biografien. Livshistoria til Olav Gullvåg gir på fleire område interessant og utfyllande kunnskap om språk-, kultur- og litteratur- historia i landet vårt første del av 1900-talet.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Olav Gullvåg bladmann og bokmann
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 262.50,- den billigste prisen for Olav Gullvåg bladmann og bokmann blant 2 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste språk, litteratur og lingvistikk for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.