
Or Gare funeral procession music from Ryfylke, Norway
Med "Or Gare" grev Stine Janvin & Morten Joh fram musikken frå den svunne tradisjonen rundt gravferdsprosesjonar i Ryfylke. Albumet er det fyrste duoen gjer saman og manar fram ei gripande stemning der det nesten gløymde vekkast til live med eit spøkelsesaktig glimt av notid.Liksong-tradisjonen besto av ein pros......
fra 349,-
Tilgjengelig i 1 butikker
Produktinformasjon
Med "Or Gare" grev Stine Janvin & Morten Joh fram musikken frå den svunne tradisjonen rundt gravferdsprosesjonar i Ryfylke. Albumet er det fyrste duoen gjer saman og manar fram ei gripande stemning der det nesten gløymde vekkast til live med eit spøkelsesaktig glimt av notid.Liksong-tradisjonen besto av ein prosesjon med songarar som ledsaga gravferder på bygda. Oppgåva var å synge dei daude "Or gare", synge kroppen ut av huset eller garden.Janvin og Joh kveilar røtene sine inn i hjarta av denne uggne, ulideleg saktegåande tradisjonen, og får det til å dunke att som ein slags oldtidselektronisk mikrotonal vedkjenningsmusikk. Røyster og vokaleffektar, synthar og melodisk slagverk siv inn i sprekkane mellom dur og moll, og ber fram ei knakande seremoniell tyngd som likevel har eit skin av noko moderne. Som ein gløymd liturgi stemt om til den svake summinga i ei kyrkje av kretskort.Duoen beståande av Stine Janvin på vokal og elektronikk og Morten Joh på synthar, bandmaskiner og slagverk, utvidar paletten med spektrale bidrag frå Lucy Railton (cello på spor A1) og Jules Reidy (el-gitar på spor A3)Innspela og miksa av Morten Joh i Stille Studio / Consulatet, Stavanger, Noreg, 2024–2025.Mastra av Helge Sten i Audio Virus Lab, 2025.Produsert av Stine Janvin & Morten Joh.Innpakka i eit firesidig unipak utbrettsomslag, silketrykka av Drid Machine.
Spesifikasjon
Produkt
| Produktnavn | Or Gare funeral procession music from Ryfylke, Norway |
Populære produkter
Pris og prishistorikk
Akkurat nå er 349,- den billigste prisen for Or Gare funeral procession music from Ryfylke, Norway blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste vinyl plater for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.















