Ringar i vatn av Olav Solberg

Ringar I Vatn Av Olav Solberg

Undertittelen på denne biografien er «Telemarksdiktaren John Lie». Dette bør ikkje forståast slik at John Lies forfattarverksemd berre knytte seg til heimfylket. Tvert imot tok han opp tema av allmenn interesse ikkje berre for norske lesarar, men også for lesarar i Amerika - norske og skandinaviske emigrantar i Midtvesten. Sæ...... Les mer...
fra 326,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Undertittelen på denne biografien er «Telemarksdiktaren John Lie». Dette bør ikkje forståast slik at John Lies forfattarverksemd berre knytte seg til heimfylket. Tvert imot tok han opp tema av allmenn interesse ikkje berre for norske lesarar, men også for lesarar i Amerika - norske og skandinaviske emigrantar i Midtvesten. Særleg i dei Bjørnson-inspirerte og spennande bondeforteljingane sine skreiv Lie om viktige emne som økonomi, religion og erotikk, på ein slik måte at lesarar utan litterær skolering hadde glede av bøkene. Bondeforteljingane skreiv han på dansk-norsk, og dei gjekk i store opplag i Noreg og i det norske Amerika. Men han debuterte som landsmålslyrikar (1874) og hausta lovord for dei to diktsamlingane han gav ut. Med bondeforteljingane på dansk-norsk erta han på seg landsmålsideologane med Garborg i spissen. På sine eldre dagar vende John Lie attende til landsmålet og skreiv dei to beste bøkene sine om det gamle bondesamfunnet i Telemark. Biografien om John Lie er skriven på bakgrunn av bøkene hans og alt han elles skreiv i lesebøker og aviser, og ikkje minst med utgangspunkt i eit eineståande brevmateriale, som kastar lys over han sjølv, den nærmaste familien og samtida.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Ringar i vatn av Olav Solberg
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 326,- den billigste prisen for Ringar i vatn av Olav Solberg blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste historie og dokumentar for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.