Sprang av Sigrid Merethe Hanssen

Sprang Av Sigrid Merethe Hanssen

Sigrid Merethe Hanssen debuterer med denne novellesamlinga, som imponerer med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske. Novellene er varierte: dei er lagt til ulike miljø, dei skiftar mellom kvinneleg og mannleg perspektiv, og skildrar barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande...... Les mer...
fra 391,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Sigrid Merethe Hanssen debuterer med denne novellesamlinga, som imponerer med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske. Novellene er varierte: dei er lagt til ulike miljø, dei skiftar mellom kvinneleg og mannleg perspektiv, og skildrar barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer dei tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død. Eg spør om ho har vore oppe på knausen no, og ho svarer ikkje på det, men ho raudnar litt synest eg, og ser bort. Eg kom berre forbi, svarer ho, skulle berre oppover til dei andre ein snartur. Ja, seier eg. Ja, for du ventar jo på nokon, seier eg, men forstår i det same at ho ikkje gjer det, at ho ikkje har tort å vente meir, og eg forstår at det kanskje ikkje er nokon å vente på. Og tunga mi hugsar noko fint og finn ein framand smak på leppene, men eg vågar ikkje heilt tru at det er slik, så eg står her berre og kan ikkje vite, og slik står ho òg og veit heller ikkje. Og trasten lagar slikt leven innover i skogen, og eg kjenner at slik er det no. At vegane finst der, men at ingen veit. Og heile tida høyrer eg nye tonar frå skogen.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Sprang av Sigrid Merethe Hanssen
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 391,- den billigste prisen for Sprang av Sigrid Merethe Hanssen blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste romaner for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.