
ny
Dei døde er her og spør etter meg
fra 289,-
Tilgjengelig i 1 butikker
Frakt og levering
Produktinformasjon
I Oddbjørn Birkeland si fjerde diktsamling er det døden sjølv som er hovudpersonen. Døden legg nærværet sitt over det skrivande eg-et, og resultatet er ein finstemd song. Døden, som både bur i diktar-eget og nærmar seg utanfrå, lèt eg-et få auge på seg sjølv som levande. Her er ikkje dei gamle og dei døde bare gravlagde og gløymde, dei går igjen blant sine etterletne, på sine eigne stader. Der rotar dei rundt i dei kvardagslege interiøra sine, eller går turar blant sauene i audslege landskap ein stad på Høg-Jæren i Rogaland. I kontrasten mellom det store og det lille, det abstrakte og det konkrete - og innimellom det absurde og galgenhumoristiske - kjem døden fram som ei forvandlande kraft, som langsamt overtek. Slik regisserer diktar-eget nærast sin eigen død, der ein til slutt kan ane konturane av ein personleg framtid utover døden. «Oddbjørn Birkeland i fin sentrallyrisk driv. (...) Tonen i boka er i mangt fortvila og desperat, men forteljinga ho inneheld, håpefull. Og ennå lever og diktar opphavsmannen til det lyriske eg-et: Enten ein deler dei metafysiske, religiøse, førestellingane samlinga også byr på, eller ikkje, gjer det realistisk-oppriktige alvoret saman med den stilreine gjennomføringa Dei døde er her og spør etter meg til ei fin diktbok å annamma.» Jan Askelund, Krabben
Topplisten: Other Brand Lyrikk og drama
Spesifikasjon
Produkt
Produktnavn | Dei døde er her og spør etter meg |
Merke | Other Brand |
Pris og prishistorikk
Akkurat nå er 289,- den billigste prisen for Dei døde er her og spør etter meg blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste lyrikk og drama for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.