Framom døden av William Faulkner

Framom Døden Av William Faulkner

Framom døden skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. I møte med bibelske prøvingar trer personane fram med alle sine lyter og egosentriske m...... Les mer...
fra 279,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Forfattere: William Faulkner "Framom døden" skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. I møte med bibelske prøvingar trer personane fram med alle sine lyter og egosentriske motiv. Forteljinga ovrar seg gjennom eit vell av ulike stemmer, og vi kjem tett på det grunnleggjande menneskelege. Faulkner plukkar frå kvarandre den tilsynelatande velordna verda i dei nordamerikanske sørstatane og syner fram uhyggelege skuggesider. Faulkner skreiv romanen i løpet av nokre få veker i byrjinga av 1930-åra. Då var forfattaren inne i ein svært skapande periode, der han med hell freista nye stilleie og nye vegar innan modernismen. Bøkene er prega av medvitsstraum hos karakterane (stream of consciousness), skiftande perspektiv og sterk stilistisk eksperimenteringsvilje. "Framom døden" er blant dei best kjende verka til Faulkner og er eitt av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret. SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket. Forlag: Skald AS Utgave: 1 utg. Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 257 ISBN: 9788279593331 Vekt: 300 g Innbinding: Innbundet Utgitt: 2021 Veil. pris: 279 Kategori: Moderne litteratur, Klassisk litteratur, Skjønnlitterære emner: død, sorg, tap, Oversatt skjønnlitteratur Serie: Skalds klassikarar, Skalds klassikarar - 17 Anmeldelser Romanen er medrivande grufull og morosam. [.] Skildringane er så taktile og handgripelege, sjølv når dei sporar ut i det metafysiske eller uforståelege. Sivert N. Nesbø har omsett romanen til framifrå nynorsk. Ordtilfanget er rikare enn i dei fleste samtidsromanar i dag, og språket gir både valør til dei ulike forteljarstemmene og kontinuitet til forteljinga. Det er på ein måte mellom orda hendingane ovrar seg. Likevel er det språket som gjer denne dødsreisa mest skakande, ikkje minst i den glitrande omsetjinga av Sivert N. Nesbø. Det rike vokabularet hans får fram dei finaste nyansane i teksten og lyfter hendingane opp til det tidslause.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Framom døden av William Faulkner
Merke Skald As

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 279,- den billigste prisen for Framom døden av William Faulkner blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste romaner for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.