Godal Jon Bojer Båtar i Møre og Romsdal

Båtar I Møre Og Romsdal Av Jon Bojer Godal

Del 1 av denne serien er fire bøker om Nordlandsbåten og Åfjordsbåten som kom ut i 1990. Det har teke mange år, men no er endeleg del 2 i kjømda og vil omfatte båtar i Møre og Romsdal. Også del 2 vil bli på fire band.Denne boka (band 1 i del 2) tek for seg prosessen med og tankar attom det å byggje ein geitbåt. Denne båttypen...... Les mer...
fra 602.88,-
Tilgjengelig i 2 butikker

Produktinformasjon

Del 1 av denne serien er fire bøker om Nordlandsbåten og Åfjordsbåten som kom ut i 1990. Det har teke mange år, men no er endeleg del 2 i kjømda og vil omfatte båtar i Møre og Romsdal. Også del 2 vil bli på fire band. Denne boka (band 1 i del 2) tek for seg prosessen med og tankar attom det å byggje ein geitbåt. Denne båttypen har sitt kjerneområde på Nordmøre, men han finst også i Romsdal og i dei sørlegaste delane av Sør-Trøndelag. Geitbåten er den mest «geometriske» av dei tradisjonsbåtane vi kjenner til. Så og seia heile forma let seg definere ved hjelp av enkle brøkar på visse grunntal som båten er bygd i kring. Dertil er «halve» båten hoggen i fasong. Samstundes er han svært vakker. Bildet på framsida fortel om både mjuke og spenstige linjer. Som teknologi og prinsipp for å gjeva form representerer han noko svært avansert og som vi kan følgje med konkrete funn heilt attende til 1500-talet. Geitbåten er ei viktig kjelde til innsikt i norske båttradisjonar, og han har såleis interesse langt ut over der han høyrer heime. Som innfallsvinkel til forståing bør denne boka kunne gi tankestoff og inspirasjonar til mange. Å halde liv i geitbåten som levande tradisjon er å føre vidare ein sentral del av vår kultur. Vi har ikkje lov til å la vera. Gjer som brørne Solvang, kjøp geitbåt og bruk han!

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Godal Jon Bojer Båtar i Møre og Romsdal
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 602.88,- den billigste prisen for Godal Jon Bojer Båtar i Møre og Romsdal blant 2 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste teknikk, ingeniør og primær for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.