Jakta på Girardoni av Alf Helland

Jakta På Girardoni Av Alf Helland

Klokkemakaren og det mekaniske multigeniet Bartholomeus Girardoni frå Cortina d'Ampezzo i SørTyrol kjem ein vårdag i 1779 til Wien: Med seg har han ei rifle han vil vise til keisar Josef II. Dette er prototypen på det som skal bli M1780, verdas fyrste luftdrivne militærrifle. Børsa kjem inn i den austerrikske hæren same året...... Les mer...
fra 599,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Klokkemakaren og det mekaniske multigeniet Bartholomeus Girardoni frå Cortina d'Ampezzo i SørTyrol kjem ein vårdag i 1779 til Wien: Med seg har han ei rifle han vil vise til keisar Josef II. Dette er prototypen på det som skal bli M1780, verdas fyrste luftdrivne militærrifle. Børsa kjem inn i den austerrikske hæren same året og forsvinn like plutseleg knapt tjue år etterpå. Kvifor? <br/>Når børsemakar Alf Helland vert tilsett som stipendiat ved Norsk håndverksinstitutt er planen klar. Han må løyse gåta bak den italienske genistreken. Luftrifla må rekonstruerast. Men korleis vart det gjort? For å finne ut det må handverkaren frå Vestlandet og katten hans Bent Erik ut på ei reise i dobbel forstand. Dei må ut i verda og tilbake i historia. <br/>Her treffer dei på mangt og mykje: Leonardo da Vinci, taxfreekundar på danskebåten, indianarar i Borneo, president Thomas Jefferson, Sir Joseph Whitworth, sinte tyrkarar, Karl Mack von Leiberich, Sherlock Holmes og mange andre. Ein tilårskommen Land Rover Defender med diesellekkasje, ustoppeleg regnvêr og eit hav av gløymde handverksteknikkar gjer ikkje oppgåva enklare. Dei kastar seg likevel ut i prosjektet og anar ikkje kor dei endar opp tre år seinare, korkje katten eller børsemakaren...

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Jakta på Girardoni av Alf Helland
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 599,- den billigste prisen for Jakta på Girardoni av Alf Helland blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste historie og dokumentar for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.