Økland Sveinung Sunnhordland
Økland Sveinung Sunnhordland
Økland Sveinung Sunnhordland
Økland Sveinung Sunnhordland
+1

Sunnhordland

Hausten 2021 er det over 81 år sidan krigen kom til Noreg og Sunnhordland. Tida frå 9. april 1940 til 8. mai 1945 sette spor i minnet til dei som opplevde krigsåra, og mange av hendingane har fått leve vidare som forteljingar frå den fem år lange okkupasjonen. I landskapet finn me òg spor etter dei tyske okkupantane - bunkers...... Les mer...
fra 363,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Hausten 2021 er det over 81 år sidan krigen kom til Noreg og Sunnhordland. Tida frå 9. april 1940 til 8. mai 1945 sette spor i minnet til dei som opplevde krigsåra, og mange av hendingane har fått leve vidare som forteljingar frå den fem år lange okkupasjonen. I landskapet finn me òg spor etter dei tyske okkupantane - bunkersar, murar, vegar og hustufter fortel at nokon ein gong hadde andre planar for landet vårt.<br/><br/>Vegard Toska har skrive om den første tida etter krigsutbrotet 9. april. Vigleik Mathisen har skrive om Atlanterhavsvollen, eit system av festningar, kystfort og forsvarsanlegg, og Oddbjørn Kvålsvold om korleis det var å ha kystfortet på Osterneset som næraste nabo. Han har òg samla augevitneskildringar frå flyangrepa mot Leirvik og senkinga av «Austri». Jon Arne Andreassen Bjelland skriv om dei frå Sunnhordland som melde seg til tysk teneste og vart frontkjemparar. Ole-Jacob Abraham har skrive om Englandsfarten, Sveinung Økland om flystyrten i Langenuen, om spionen og emissæren Peder Johan Størkesen og om jakta på Bjørgan. Flyangrepa mot Leirvik og «Austri» har Halvor Sperbund fortalt om. Desse tekstane er tidlegare publiserte i boka Brennpunkt Westküste, og både forfattaren og forlaget har gitt løyve til å publisera dei på nytt her. Lars Jostein Rørvik har skrive om sabotøren og spesialsoldaten Johannes Rørvik, og Per Jan Ingebrigtsen har teke for seg krigsseglaren Peder Johan Ingebrigtsen. Eli Gundersen har formidla historia om mor si Sigvor Olsen, og Sveinung Skåtun har gitt oss lov til å publisera forteljinga til faren Øyvind Skåtun om då han var SOE-agent på hemmeleg oppdrag. Frå Lokalhistorisk arkiv i Tysnes kommune har me fått John Flygansvær si forteljing om kystfortet på Flygansvær.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Økland Sveinung Sunnhordland
Merke Other Brand

Populære produkter

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 363,- den billigste prisen for Økland Sveinung Sunnhordland blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste historie og dokumentar for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.