Thu, Erling Bibelen  ein trygg vegvisar

Bibelen - Ein Trygg Vegvisar Av Erling Thu

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga. Kristne menneske har til alle tider vore ivrige etter å forstå og leva etter Guds ord. Dei les og grundar på Ordet. Dei let Ordet styra liv og oppførsel. Dei finn håp og fred i lovna...... Les mer...
fra 299,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga.

Kristne menneske har til alle tider vore ivrige etter å forstå og leva etter Guds ord. Dei les og grundar på Ordet. Dei let Ordet styra liv og oppførsel. Dei finn håp og fred i lovnadene i Guds ord. Salme 119 er svært viktig for alle kristne i denne tida. Denne boka inneheld 176 andaktar, ein for kvart vers i Salme 119. Desse andaktane er tidlause og kan lesast i ditt eige tempo. Dei vil visa at Guds ord er vår rikaste skatt som vil gje oss eit rikt og spennande liv.

Salme 119 er som ein kristen ABC som lærer oss å grunda på skattane i Guds Ord, skattar av lovprising, kjærleik og kraft som viser oss korleis vi kan bruka Guds Ord i kvardagen. Denne salmen er det djupe mysteriet i Skrifta der moralsk disiplin og alle kristelege dydar skin gjennom alt.

Erling Thu er født 1942, på Ganddal, Jæren og er oppvaksen i bede husmiljøet. Han har vore forkynnar sidan 1962. Han leia evangeliseringsarbeidet OUT i Sarons dal, var med å byggja Statfjord A - plattforma i Jåttåvågen, og var hjelpeforstandar i pinsekyrkja Zion, Stavanger før han var med å starta Kristent Fellesskap, Bergen Bibelskole og Kristent Nettverk. Han har skrive meir enn 30 bøker og er omsett til mange språk. Han har vore gift med Solveig sidan 1964 og dei fekk seks barn saman og har ti barnebarn. Dei siste 30 åra har han og kona brukt mykje tid i India, Nepal og Sri Lanka og er begge i aktiv teneste for Herren som pensjonistar

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Thu, Erling Bibelen ein trygg vegvisar
Merke Other Brand

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 299,- den billigste prisen for Thu, Erling Bibelen ein trygg vegvisar blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste religion, historie og filosofi for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.