Ulstein Jan Ove Oppbrotsteologi på det lange 70-talet

Oppbrotsteologi På Det Lange 70-Talet Av Jan Ove Ulstein

68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Og det skjedde ei vekking til ansvar for den tredje verda, som medskuldige i ko...... Les mer...
fra 445,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

Forfattere: Jan Ove Ulstein 68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Og det skjedde ei vekking til ansvar for den tredje verda, som medskuldige i kolonialismen. Kyrkjenes Verdsråd registrerte ei revolusjonær oppbrotsstemning i verda, saman med ein tilsvarande frigjeringsteologi: Gud står på dei undertrykte si side! Her heime vart kapitalismen i form av den korporative sosialdemokratiske staten gjort til ein hovudfiende. Vi fekk også ein radikal kvinnekamp. I denne situasjonen fekk vi fenomenet 'kristen-radikalarane', som raskt vart til kristen-sosialistar. Desse fekk behov både for å legitimere seg teologisk overfor ei borgarleg kyrkje og for å utforme ein teologi som grunngav aktiviteten. Denne boka er første del av den første større undersøkinga av korleis kristen-radikalarane utvikla ein teologi for sin praksis i det som er kalla 'det lange 70-talet'. Oppbrotet gjaldt ikkje berre politikk og marxisme. Det kom også ei sosialetisk vekking, inkludert eit økologisk engasjement og eit kvinneopprør i kyrkja. Boka fylgjer brytingane tett i tekst og tid, der teologien skjer. Boka vender seg til den som er interessert i 68-fenomenet og vil ha ei grundig historie om korleis radikaliseringa arta seg i teologisk bryting og sosialetisk engasjement i denne turbulente perioden. Forlag: Cappelen Damm AS Utgave: 1 utg. Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 512 ISBN: 9788202753689 Vekt: 1090 g Innbinding: Innbundet Utgitt: 2022 Veil. pris: 479 Kategori: Venstreekstremistiske politiske ideologier og bevegelser, Politisk aktivisme, Sosial- og kulturhistorie, Sosial og politisk filosofi, Kristendommen, Kristne kirker, kirkesamfunn, grupper, Teologi Serie: Religionsfag profil, Religionsfag profil - 44 Anmeldelser «Ulsteins Oppbrotsteologi på det lange 70-talet er ei rettkomen påminning om at også trus- og kyrkjelivet er ein del av norsk historie. Det er ei opplyftande og rik bok Ulstein legg fram - eit teologisk nybrotsarbeid.» «Ulstein har skrive ei grundig framstilling med solid dokumentasjon ved notar og litteraturliste. Det dreier seg om ei innhaldsmetta bok på over fem hundre store sider. [...] Språkleg er det ein fryd å lesa [...] Her er mykje stoff til kunnskap og ettertanke, og til forklaring av det som skjedde frå slutten av 1960-talet og eit par tiår framover. Noko av det har ikkje den store aktualiteten ut over det som skjedde då, men anna fekk konsekvensar for den vidare utviklinga og situasjonen i dag.»

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Ulstein Jan Ove Oppbrotsteologi på det lange 70-talet
Merke Cappelen Damm As

Populære produkter

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 445,- den billigste prisen for Ulstein Jan Ove Oppbrotsteologi på det lange 70-talet blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste historie og dokumentar for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.