
ny
Velkommen Håp
fra 299,-
Tilgjengelig i 1 butikker
Produktinformasjon
Kva skjer når du sperrer inne fire av dei mest kreative musikarane i norsk jazz? Dei skaper.I mars 2020, då koronapandemien stengte Noreg, fann Flukten sin fristad. Flukten er styrt avein ting - viljen til musikk.Flukten består av musikarar frå nokre av dei mest kritikarroste banda i norsk jazz dei sisteåra: Hanna Paulsberg Concept, Atomic, Moskus, GURLS, Wako, Espen Berg Trio, Hullyboo,Skadedyr og Trondheim Jazzorkester.Etter Fluktens debutkonsert på Nasjonal Jazzscene i fjor skreiv mellom anna kritikarane «erdet noen band-debuter som virkelig har satt merker i sjel og hjerte er det denne.»Med referansebiblioteket fylt med John Scofield, Joe Lovano, Per «Texas» Johansson, SalifKeita og Paul Motian, tek dei vegar om hip hop, soul eller folkemusikk frå kvar det skal vere.Her kan alle spontane innfall bli dyrka fram og utforska. Flukten gir deg skitten jazz å dansetil og mjuk, finstemt jazz å tenke til. Det er musikk som feirar livet med rom for det utrulige.I Februar 2021 gjekk dei fire i studio, med same opne haldning som første gong dei jamma.På Fluktens debutalbum høyrer du saksofonist Hanna Paulsbergs evige vokabular ogmangefasetterte tone utfalde seg fullstendig kompromisslaust. Du høyrer gitarist MariusKlovning midt mellom John Scofield, skarp soul, western og norsk folkemusikk. HansHulbækmo sitt trommespel er nærliggande å samanlikne med pianosolistar i hans melodiskerepertoar. Bassist Bárður Reinert Poulsen driv det heile med punchy, hardtswingande handog gir oss kjenslevare soloparti.Saman er Flukten ein eksplosjon av speleglede frå nokre av Noregs fremste musikarar.Låtane på albumet spenner frå leikne melodiar til klangar med motstand. Nokre gongar erutgangspunktet for låtane eit opptak av nynning på ein mobiltelefon. Andre tider er detaugeblikksbilder av improvisasjonar i det levande studioet. Nokre gongar dansar musikken,andre gongar er den som mjuke hender. Brått kastar dei seg ut i ekstase. Plata er densoniske ekvivalenten til å kaste seg frå ei varm badstu og ut i det kalde havet. Dennemusikken vekkjer deg.Dette er musikk som berre kunne blitt til av akkurat desse akkurat no.Kanskje ligg du på golvet med eit bok i timesvis, kanskje drikk du deg full, kanskje spring dutil skogs? Vi treng alle å flykte inn i mellom.
Topplisten: Other Brand Vinyl plater

Hozier Hozier LP/Vinyl
599,-
2

Mad Season Above LP/Vinyl
381,65
2
Spesifikasjon
Produkt
| Produktnavn | Velkommen Håp |
| Merke | Other Brand |
Populære produkter
Pris og prishistorikk
Akkurat nå er 299,- den billigste prisen for Velkommen Håp blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste vinyl plater for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.




















