Noregs største steinras av Astor Furseth

Noregs Største Steinras Av Astor Furseth

For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. Søndagskvelden 22. februar 1756 gjekk det størst...... Les mer...
fra 249,-
Tilgjengelig i 1 butikker

Produktinformasjon

For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp.

Søndagskvelden 22. februar 1756 gjekk det største steinraset i Noregs historie. Delar av Tjellefjellet i Nesset i Møre og Romsdal rasa ut i fjorden. Vi kjenner hendinga blant anna gjennom dagboka til presten Kristian Morsing. Han og fleire andre hadde lenge undra seg over djupe drønn frå Tjellefjellet, men utan å forstå kva som var i gjære. Det vart ei redselsnatt. Minst tre store flodbølgjer følgde raset. Bølgjene slo 200 meter opp på land. Bygningar og båtar vart tekne av vatnet. Først morgonen gjekk det opp for folk kva som hadde skjedd. 32 menneske hadde mista livet.
Dette er ei forteljing om raset og flodbølgjene, men også om kor ulikt ulykka råka. Her som så ofte ved naturkatastrofar, var det småkårsfolket som leid mest. Dette handlar også om tida etterpå. Slike katastrofer følgjer eit nokså tydeleg mønster: I nesten alle tilfelle er det vanleg å vende tilbake og byggje opp att på den same staden. Typisk er også gløymsla. Etter ein kort periode vart det stille om dette raset. Det største steinraset i norsk historie vart så godt som gløymt.

Astor Furseth (f. 1940) er skredhistorikar og har vore tilknytt Norges geologiske undersøkelse, der han har forska på skred og andre naturkatastrofer i historisk perspektiv. Han har skrive både skjønnlitteratur og fagbøker, mellom anna Skredulykker i Norge og Dommedagsfjellet om Tafjordulykka.

Spesifikasjon

Produkt
Produktnavn Noregs største steinras av Astor Furseth
Merke Other Brand

Populære produkter

Pris og prishistorikk

Akkurat nå er 249,- den billigste prisen for Noregs største steinras av Astor Furseth blant 1 butikker hos Prisradar. Sjekk også vår topp 5-rangering av beste historie og dokumentar for å være sikker på at du gjør det beste kjøpet.